Bompenger bergen pris
Bompenger bergen kart
Bompenger elbil bergen hotel...
Tronge tider og nye tonar i den norske elbilhovudstaden
– Eg synst elbilar framleis bør betala minst. Fossilbilar forureinar jo mykje meir, meiner Solveig Røberg Vik.
– Men de elbilistar lagar jo også trafikk og kø?
– Ja, kanskje alle bør betala meir, men det rammar jo mest dei som har minst pengar, seier Kristina Skjold.
Begge står og ladar på Danmarksplass i Bergen.
– Dobbelmoralsk
Elbilistane NRK møter der, er ganske samstemde: Dei meiner elbilane bør behalda fordelane sine i bomringen, men at takstane kanskje bør aukast for både elbil, bensinbil og dieselbil.
– Viss prisane skal opp, er det mest rettferdig å auka litt for alle.
Men eg meiner også at fossilbilar betaler vel mykje i bompengar, seier Brage Vikøyr.
Skjold meiner bompengar er bra for klimaet, for å hindra at folk køyrer meir enn dei treng.
– Samtidig er det kanskje litt dobbelmoralsk å bruka bompengane til å bygga betre vegar som gjer det lettare å køyra meir bil, seier ho.
«Elbil-paradis»
Ve